Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøker Hordaland måndag 28. august

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Statsråden besøker Alversund dagsenter i Lindås kommune, som tilbyr dagaktivitetar til personar med demens. Bent Høie møter også brukarar og tilsette i prosjektet "Livskvalitet" til rusavhengige i Os kommune og han deltar på møte med leiarar og tillitsvalde på Haukeland sykehus.

Program:

Lindås – klokka 9.30–10.20: Alversund dagsenter, Skarsvegen 121.

Alversund dagsenter tilbyr dagaktivitetar til personar med demens. Brukarane av dagsenteret er i god fysisk form og jobbar mellom anna ute med å pusse opp, klippe plenar og snikkararbeid. Dei går også mykje tur. Tilbodet gir personar med demens ein meiningsfull kvardag, avlastar pårørande og det utset opphald på institusjon. Helse- og omsorgsministeren møter brukarar av tilbodet og tilsette.

Bergen – klokka 11.00-11.30: Haukeland sykehus, Jørgen Sandbergs hus, Jonas Lies vei 73.

Bent Høie deltar på møte med leiing og tillitsvalde.Administrerande direktør Eivind Hansen held månedlege møte med dei over 500 leiarane og tillitsvalde på sjukehuset. Desse møta er ein viktig arena for leiinga på sjukehuset for å nå ut til leiarane og dei 12 000 tilsette ved sjukehuset.

Os – klokka 12.15-13.10: Prosjekt "Livskvalitet" for rusavhengige, Industriveien 8

Prosjektet "Livskvalitet" har gitt rusavhengige i Os kommune ein meir meiningsfull kvardag gjennom arbeid og aktivitet. Brukarane jobbar mellom anna med snikkar-oppgåver og med å oppgradere og vidareutvikle viktige område i kommunen på oppdrag frå Bergen og Omland Friluftsråd. Statsråden møter brukarar og tilsette i prosjektet.

Pressa er velkommen til å delta, og helse- og omsorgsministeren er tilgjengeleg for kommentarar.