Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøker Østfold 5. september

Høie startar dagen hos gründerbedrifta Gentia i Moss som produserer medisinske testar. Dei har sidan oppstarten i 2002 utvikla sju testar som blir seld internasjonalt, og er no klare for vidare ekspansjon både nasjonalt og internasjonalt. Produksjonen skjer i Moss og på Hurum.

Høie besøker så Inspiria vitensenter i Sarpsborg. Inspiria har ei stor satsing for betre kosthald og auka fysisk aktivitet blant barn og unge i Østfold. Statsråden deltar saman med elevar frå Grålum ungdomsskole i helseprogrammet Velg smart. Saman testar dei også den nye aktivitetsbanen.

Dagen blir avslutta på rusbehandlingsinstitusjonen Phoenix Haga i Mysen. Der skal han treffe tilsette og brukarar.

Program:

10.30-11.15 Gentian, adresse: Bjørnåsveien 5, Moss

11.35-13.00 Inspiria Vitensenter, adresse: Bjørnstadveien 16, Grålum

13.50-15.15 Pheonix Haga, adresse, Flakenborgveien 198, Mysen

Pressa er velkommen til å delta heile dagen.