Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøker Sunnfjord kommune og Stad kommune 26. juni

Korleis har koronapandemien påverka helse- og omsorgstenestene i kommunane? Det er tema for Bent Høie sitt besøk i Førde og på Nordfjordeid.

Ved Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sunnfjord vil dei vise korleis ein kan bruke velferdsteknologi for å hindre smitte. Ved Eid legekontor har dei kome langt med tverrfagleg teamarbeid, og vil vise korleis ein kan følge opp pasientar med kronisk sjukdom heime ved hjelp av digitale løysingar. På Førde sentralsjukehus får statsråden høyre om drifta av sjukehuset under koronapandemien.

Kl 10.15–12.00: Førde sentralsjukehus: Statsråden får ei innføring i korleis sjukehuset førebudde og handsama koronasituasjonen både i mottaket, på intensiven og på avdelinga.

På grunn av koronasituasjonen vert ikkje journalistane invitert inn på sjukehuset, men statsråden stiller til intervju etter besøket. Pressa kan få tilgang til foto/video frå kommunikasjonsrådgjever ved sjukehuset, Margunn Masdal (958 19 912).  

Kl 12.15–13.15. Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester Vestland (USHT) har utvikla velferdsteknologiske løysingar som viste seg nyttige då koronapandemien råka, til dømes bruk av teknologi i staden for heimebesøk. Dei har òg jobba systematisk med smitteverntiltak på sjukeheimar og i heimane til pasientane. Adresse: Rådhuset i Sunnfjord.  

Kl 15.15–16.15. Eid legekontor har vore pilot for tverrfaglege primærhelsetenesteteam for pasientar med diabetes, kols, livsstilssjukdomar og psykiske helseproblem. Dei vil òg vise korleis dei følger opp pasientar med kronisk sjukdom heime med digitale løysingar. Adresse: Bøen 5, Eid.

Kontakt under besøket: Politisk rådgivar Erlend Svardal Bøe 992 69 813