Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøker Tromsø tysdag 13. september

Statsråden skal delta på Privat Omsorg Nord sitt 15 års jubileum. Han skal få ei orientering om Tromsøundersøkinga. Bent Høie er også tilstades på opninga av det nyrestaurerte bygg 7 på Åsgård. I tillegg skal Bent Høie offisielt opne Nasjonalt senter for e-helseforskning.

Program:

Kl. 10.30-11.45: Privat Omsorg Nord 15 år sitt jubileum, Hålogaland Teater, Teaterplasssen 1

Privat Omsorg Nord tilbyr private omsorgstenester, blant anna innan sjukepleie og heimetenester. Bent Høie skal halde innlegg og delta i debatt om framtidas eldreomsorg.

Kl. 12.00-13.00: Tromsøundersøkinga, Universitetet i Tromsø, Heiloveien 6

Helse- og omsorgsministeren får ei orientering om Tromsøundersøkelsen. Dette er Norges mest omfattande folkehelseundersøking, og meir enn 40.000 personar har delteke sidan starten i 1974. Data frå undersøkinga vert brukt til å førebygge og behandle sjukdom, blant anna hjarte- og karsjukdommar.

Kl. 14.00-15.30: Opning av renovert bygg på Åsgård, UNN, Asgårdveien 40

Statsråden skal markere opninga av det nyrenoverte bygg 7 på Åsgård. Her skal akutteamet ved psykisk helse- og rusklinikken på UNN flytte inn. Drøyt 100 millionar kroner er brukt for å gi pasientar og tilsette ein heilt ny kvardag.

Kl. 16.00-17.15: Opning av Nasjonalt senter for e-helseforskning, Glassgården, Grønnbygget, Siva Innovasjonssenter (Forskningsparken i Breivika)

Helse- og omsorgsministeren opnar Nasjonalt senter for e-helseforskning. Senteret skal samle, produsere og formidle kunnskap om e-helse.

Pressa er velkommen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for intervju.