Historisk arkiv

Pressemelding:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøker Tromsø tysdag 31. januar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsministeren får ei omvising på Mortensnes sykehjem. I tillegg skal han opne Helse Nord sitt nye medikamentfrie behandlingstilbod ved Psykisk helse- og rusklinikk på Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN).

Program

13.45 – 14.45: Besøke Mortensnes sykehjem.
Adresse Ørnevegen 6. 

Tromsø kommune er ein av fire pilotkommunar som skal prøve ut tryggleiksstandard på sjukeheimar. Tryggleiksstandard er eit nytt verktøy som skal sikre god kvalitet på helsetilbodet og sørge for at pasientar og pårørande blir hørt. Statsråden får ei orientering om arbeidet med tryggleiksstandard og skal helse på bebuarar og tilsette. 

15.00-16.15: Opne medikamentfrie behandlingstilbod ved Universitetssykehuset Nord-Norge HF (UNN).
Adresse: Festsalen, Åsgård

Mange pasientar innan psykisk helsevern ønsker ikkje behandling med medisinar. Helse- og omsorgsministeren har difor gitt alle regionale helseføretak  i oppdrag å etablere eit tilbod om medikamentfri psykiatrisk behandling. Helse Nord er ein av de første helseregionane med eigen eining for dette. Bent Høie står for den offisielle opninga.  

Pressa er velkommen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.