Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøker Voss 27. oktober

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Bent Høie skal besøke Voss sjukehus, Stiftelsen Sosialbygget og Oasen dagsenter.

Program:

Kl. 11.15 – 13.15: Voss sjukehus, Sjukehusvegen 16
Statsråden får ei omvising på sjukehuset, og skal treffe tilsette og pasientar. Sjukehuset vil orientere om korleis dei arbeider med å få ned bruken av antibiotika. Antibiotikaresistens er ei av helsetenesta sine største utfordringar, og sjukehuset har klart å kutte bruken med heile 35 prosent sidan 2012. Det nasjonale målet for helsetenesta er å redusere bruken med 30 prosent innan 2020. Høie vil også høyre meir om sjukehuset sitt arbeid med kreft, og treffe ein pasient som har erfaring med pakkeforløp for kreft.   

Kl. 13.30 – 14.00: Stiftelsen Sosialbygget, Miltzowsgate 2
Stiftelsen Sosialbygget er eit boligkonsept for eldre. Stiftelsen har 108 leilegheiter for eldre, og driv diverse kultur- og aktivitetstilbod og kafe. Statsråden vil helse på bebuarar, få ei omvising på huset og høyre om korleis Sosialbygget skaper møteplassar for eldre i Voss. Medan Høie er på besøk vert det arrangert bowling. Statsråden vil delta på dette.   

Kl. 14.15 – 15.00: Oasen dagsenter, Uttrågata 36   
Oasen er eit lavterskeltilbod til personar med psykiske helseutfordringar. Dagsenteret tilbyr samtalar for enkeltpersonar og i grupper, og arrangerer sosiale og kulturelle aktivitetar. Man kan komme innom utan å ha avtalt tid på førehand eller ha eit vedtak. Bent Høie får ei omvising på Oasen og vil treffe tilsette og brukarar.

Pressa er velkommen til å delta. Statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.