Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøkjer Ålesund tysdag 28. april

Statsråd Bent Høie besøkjer Ålesund sjukehus, deltek på ”Hopp for hjertet”-arrangement på Blindheim barneskole og møter personar med tidleg demens på Sunnmøre museum. Han besøkjer også Møre og Romsdal utviklingssenter og det medisinske senteret Medi3.

Kl 09.15-11.30: Ålesund sjukehus, adresse:  Åsehaugen 1.

Kl. 09.15 – 10.45: Møte med leiing og tillitsvalde ved sjukehuset. Dette er lukka møte.

Kl. 10.45 – 11.30: Bent Høie besøkjer Akutt heimebehandlingsteam. Akutt-tenesta finn stad i heimen for å gripe minst mogleg inn i menneska sine daglege liv, og har gode resultat. Halvparten av dei som får denne tenesta, unngår innlegging i institusjon.

Kl 11.40-12.10: Blindheim barneskole, adresse: Øvre Skytterholmen 45.

Den 28. april startar "Hopp for hjertet" i regi av Nasjonalforeningen for folkehelsen. Det er ein nasjonal konkurranse som vert arrangert for 10. året på rad, for 4.-7. klassingar. Målet er vise at fysisk aktivitet både er morosamt og bra for helsa, og at fysisk aktivitet fint kan kombinerast med fag og undervisning.                                    

Kl 12.25-13.10: Sunnmøre museum, adresse Museumsvegen 1.

Helse- og omsorgsministeren får møte personar med tidleg demens som deltek i dagaktivitetar på Sunnmøre Museum. Dette er eit samarbeid mellom Ålesund kommune og museet, som kan vise til gode resultat og nøgde deltakarar og pårørande.

Kl 13.20-13.50: Utviklingssenter for hjemmetjenester i Møre og Romsdal, adresse: Larsgårdsvegen 2 (Høgskolen i Ålesund).

Høie besøkjer Utviklingssenteret for hjemmetjenester. Her får statsråden sjå demonstrasjonsleilegheita for velferdsteknologi; ALV-Møre (arena for læring om velferdsteknologi). Utviklingssenteret vil presentere den unike samhandlinga som foregår i ALV-Møre mellom kommunar, høgskolemiljø og næringsliv. I dette samarbeidet er tverrfaglegheit  og brukarfokus sentrale element. Høie vil også få presentert døme frå konkrete utprøvingsprosjekt innan velferdsteknologi.

Kl 14.00-14.45: Medi3, adresse Sundgata 12.

Statsråden får omvising på det medisinske senteret Medi3. Her vil han óg annonsere ein nyheit i høve reformen Fritt behandlingsval.

Pressa er velkomen til å delta, og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.