Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøkjer Hammerfest og Vadsø 5. august og Kirkenes 6. august

I Hammerfest skal statsråden besøkje sjukehuset. I Vadsø skal han besøkje HINAS og legge ned grunnsteinen på det nye Bekkefaret bufellesskap. Han skal også delta på Varangerfestivalen. I Kirkenes skal statsråden besøkje sjukehuset.

5. august

Kl. 09.15-11.00 Besøkje Finnmarksykehuset Hammerfest, adresse: Sykehusveien 35

09.15-09.45 Frukostmøte med leiinga. Møtet er lukka for pressa.

09.45-10.15 Møte med dei tillitsvalde. Møtet er lukka for pressa.

10.15-10.35 Besøkje fysioterapeutane og ortopedane ved sjukehuset. I Hammerfest samarbeider fysioterapeutane og ortopedane om skulderpoliklinikken for å få bukt med ventelister og redusere variasjon i tilbodet til pasientane. 

10.35-11.00 Besøkje geriatritilbodet ved sjukehuset. Sjukehuset har etablert eit tverrfagleg poliklinisk tilbod som skal gi pasientane eit tilpassa tilbod nært der dei bur.

Kl. 14.00-15.00 Besøkje HINAS – Helseforetakenes innkjøpsservice AS, adresse: Hermetikken, Tollbugata 7

Kl. 15.05-15.20 Grunnsteinsnedlegging Nye Bekkefaret bufellesskap, adresse: Bekkefaret

Statsråden skal legge ned grunnsteinen på det nye bufellesskapet som skal gi eit betre tilbod til bebuarane, effektivisere arbeidsformer og ta i bruk ny teknologi.

Kl. 15.25-16.00 Møte på rådhuset om psykisk helse og Nye Bekkefaret bufellesskap, adresse: Rådhuset

Kl. 21.00-23.00 Varangerfestivalen, Festival Varanger Session. Ei hyllest til pionerane, adresse: Vårbrudd

6. august

09.00-11.00 Besøkje Finnmarkssykehuset Kirkenes

09.00-10.00 Møte med leiinga. Møtet er lukka for pressa

10.00-10.30 Møte med lokale tillitsvalde. Møtet er lukka for pressa

10.30-11.00 Besøkje tomta for nytt sjukehus og orientering om framdrifta i prosjektet.

Pressa er velkomen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.