Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøkjer Stavanger 13. april

Statsråd Bent Høie besøkjer Sandnes og Stavanger 13. april. Han besøkjer Helse Stavanger HF, der mellom anna får høyre om sjukehuset sitt arbeid med pakkeforløp for kreft og diagnostisk senter. Han vil også besøkje Byprestene og Funkishuset i Sandnes, prosjektet Rask psykisk helsehjelp og Sandnes helsesenter.

Program:

Kl 09.45-12.15: Besøkje Stavanger universitetssykehus HF 
Adresse: Armauer Hansens vei 20, Stavanger

Kl 09.45-10.15: Implementering av pakkeforløp i kreftutreiing og behandling. Diagnostisk senter – status i Helse Stavanger HF.

Pressa er velkomen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.

Kl 10.15-11.15: Møte med leiargruppa på sjukehuset.

Møtet er lukka for pressa.             

Kl 11.15-12.15Møte med føretakstillitsvalde/hovudtillitsvalde og verneombod.

Møtet er lukka for pressa.             

Kl 12.30-13:30: Lunsj på Funkishuset og Byprestene i Sandnes 
Adresse:Eidsvollsgate 45, Sandnes

Statsråden møter brukarar og tilsatte ved Funkishuset saman med Byprestene i Sandnes for å snakke med folk som lever i ruskvardagen.

Statsråden er tilgjengeleg for kommentarar i etterkant av møtet.

Kl 14.00-15.15: Besøkje prosjektet Rask psykisk helsehjelp i Sandnes
Adresse: Elvegata 25, Sandnes

Pressa er velkomen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.

Kl 15.30-16.45: Besøkje Sandnes helsesenter
Adresse: Eidsvollsgata 26, Sandnes

Pressa er velkomen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.