Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie held sjukehustale

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Onsdag 7. januar presenterer statsråd Bent Høie sine styringsbodskap til sjukehusa for 2015.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie skal halde felles føretaksmøte for dei fire helseregionane 7.januar 2015. Der presenterer statsråden sine styringsbodskap og forventningar til sjukehusa og øvrig spesialisthelseteneste og gir departementet sine oppdragsdokument til dei regionale helseføretaka. I samband med føretaksmøtet held statsråden årets sjukehustale. Statsråden vil gjere greie for korleis regjeringa følger opp viktige punkt i den politiske plattforma. Det vidare arbeidet med pasienten si helseteneste i framtidas sjukehus er eitt av dei.

Tid: kl. 10.00 -11.00. Dørene opnar kl 09.30.

Sted: Rikshospitalet sitt store auditorium, inngang via hovudinngangen.

Adresse: Sognsvannsveien 20, 0372 Oslo.

Sjukehustalen kan du også følge direkte på Helse- og omsorgsdepartementet si nettside.