Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie held sjukehustale

Tysdag 10. januar presenterer statsråd Bent Høie sine styringsbodskap til sjukehusa for 2017.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie skal halde felles føretaksmøte for dei fire helseregionane 10. januar 2017.  Same dag vil han presentere sine styringsbodskap og forventningar til spesialisthelsetenesta i den årlege sjukehustalen. Statsråden vil gjere greie for korleis regjeringa følger opp viktige punkt i den politiske plattforma for å skape pasienten si helseteneste.


Tid:
Tysdag 10. januar kl. 11.00. Dørene opnar kl 10.30.

Stad: Rikshospitalet sitt store auditorium, inngang via hovudinngangen

Adresse: Sognsvannsveien 20, 0372 Oslo.

Pressa er velkomen til å delta. 

Sjukehustalen vert også streama