Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie lanserer nytt Program for folkehelsearbeid i kommunane – psykisk helse, livskvalitet og rusførebygging

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Elevar i 9. klasse på Nordby ungdomsskole i Ullensaker kommune møter helse- og omsorgsminister Bent Høie, barne- og likestillingsminister Solveig Horne og KS når dei lanserer nytt Program for folkehelsearbeid i kommunane. Strategien er ei tiårig satsing for å styrke kommunane sitt arbeid med å fremme befolkningas helse og trivsel. Programmet skal rettast inn mot psykisk helse og rusførebyggande arbeid. Barn og unge er den viktigaste målgruppa.

Kommunar som har gode idear til tiltak dei vil prøve ut, kan få økonomisk og fagleg støtte til å utvikle, gjennomføre og evaluere tiltaka. Erfaringar og kunnskap skal delast med andre kommunar i nettverk, slik at dei kan lære av kvarandre.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie innleier om folkehelseprogrammet, og statsrådane og KS vil lytte til elevane sine idear om kva kommunen kan gjere for å skape eit lokalsamfunn som inkluderer alle og fremmer engasjement og meistring.

Tid: Onsdag 28. september, klokka 09.00–10.00
Stad: Nordby ungdomsskole, Trondheimsvegen 122, 2068 Jessheim

Pressa er velkomen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar