Historisk arkiv

Helse- og omsorgsminister Bent Høie opnar diagnostisk senter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Torsdag 21. januar opnar statsråd Bent Høie det nye diagnostiske senteret på Stavanger Universitetssjukehus.

Statsråden føretek den offisielle opninga. Det blir omvising i det nye senteret, og statsråden får møte pasientar. Senteret skal gi rask utgreiing når det er uavklart kva som feiler pasienten, men der fastlegen mistenker alvorleg sjukdom, som til dømes kreft. Det diagnostiske senteret består av sengepost og poliklinikk, er ei tverrfagleg eining og har etablert eit omfattande samarbeid med dei fleste spesialavdelingane på SUS.

Tid: kl. 13.00-14.30.

Stad: Diagnostisk senter, MOBA-bygget, 1.etg, inngang via hovudinngangen, Stavanger Universitetssjukehus

Adresse: Armauer Hansens vei 20

Pressa er velkomen til å delta. Statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.