Historisk arkiv

Helse- og omsorgsminister Bent Høie opnar symposium om global helse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsminister Bent Høie opnar symposium om global helse. Eit viktig tema er behovet for global helseberedskap, ein diskusjon som har blitt intensivert etter ebola-utbrotet og seinast med zika-viruset.

Andre tema som vil bli diskutert er trusselen frå antibiotikaresistente bakterier og utviklinga av livsstilssjukdommmar som gir nye utfordringar i globalt helsearbeid.

Utgangspunktet for symposiet er FNs nye bærekraftsmål. Eit av bærekraftsmåla er god helse for alle. Helse er viktig for vekst og utvikling i eit land, samstundes er velfungerande helsesystem viktig for å førebygge og avgrense helsekriser. 

Symposiet arrangeres i samarbeid med Universitetet i Oslo.

Les program på nettsida til Universitetet i Oslo

Stad: Universitetet i Oslo, gamle festsal, Karl Johans gate 47

Tid: Tysdag 23. februar, kl. 08.30-16.00 

Pressa er velkomen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for kommentar.