Helse- og omsorgsminister Bent Høie til Kristiansund og Molde måndag 24. februar

Måndag 24. februar besøkjer Bent Høie Utviklingssenter for sykehjem i Møre og Romsdal, Råkhaugen dagsenter og Molde behandlingssenter. Statsråden skal og ha møter med tillitsvalde ved sjukehusa i Molde og Kristiansund og med leiinga i Helse Midt-Norge og Helse Møre og Romsdal.

Måndag 24. februar besøkjer Bent Høie Utviklingssenter for sykehjem i Møre og Romsdal, Råkhaugen dagsenter og Molde behandlingssenter. Statsråden skal og ha møter med tillitsvalde ved sjukehusa i Molde og Kristiansund og med leiinga i Helse Midt-Norge og Helse Møre og Romsdal.


Program, Kristiansund:

Utviklingssenter for sykehjem i Møre og Romsdal. Adresse: Politimester Bendixensgate 54.
Kl.: 09-10. Tema for besøket er ernæring, kvalitetsmåling og brukarmedverknad. Helse- og omsorgsministeren møter pasientar og får presentert utviklingssenteret sitt arbeid med ein kostkoffert. Kostkofferten skal førebygge underernæring blant eldre pasientar. Statsråden får også høyre om korleis senteret er ein pådrivar når det gjeld brukarmedverknad og brukarråd.

 

Kristiansund sjukehus. Adresse: Herman Døhlens vei 1
Kl.: 10.05-10.50. Møte med tillitsvalde.

Kl.: 10.50-11.20. Møte med leiinga i Helse Midt-Norge og Helse Møre og Romsdal.

Kl.: 11.20-11.35. Statsråden er tilgjengeleg for pressa.

 

Program, Molde:

Råkhaugen dagsenter. Adresse: Råkhaugvegen 12
Kl.: 12.45-13.30. Råkhaugen dagsenter har dagtilbod for personar med demens. Dagsenteret tilbyr tilrettelagde aktivitetar for den einskilde brukar i ulike aldersgrupper. Helse- og omsorgsministeren får helse på brukarar og sjå nokre av dagaktivitetane. Dagsenteret sitt kor held konsert for statsråden og dei frammøtte.

 

Molde behandlingssenter. Adresse: Glomstuvegen 50
Kl.: 13.45-14.30. Statsråden får omvising og presentasjon av tilbodet for rusavhengige. Omvisinga er ved ein av brukarane. Senteret er oppteken av brukarmedverknad og tilrettelegging, og at brukarane får utfordringar og ansvar.

 

Molde sjukehus. Adresse: Parkvegen 84
Kl.: 14.35-15.20. Møte med tillitsvalde.

Kl.: 15.20-15.35. Statsråden er tilgjengeleg for pressa.

 

Pressa er velkomen til å delta. Statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.

 

Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Facebook Følg oss på Facebook       Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Twitter Følg oss på Twitter