Priv. til red:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie til Stavanger og Sandnes fredag 14. februar

Fredag 14. februar deltek statsråden på markeringa av innføringa av kjernejournal i Stavanger, Sola og Randaberg. Han vil også delta på eit arrangement på Gramstad turisthytte i Sandnes i regi av Den norske turistforening og Sunne kommunar.

Pressa er velkomen til å delta

Program:

Kl. 10.00 - 11.00: Markering av at kjernejournal vert innført i Stavanger, Sola og Randaberg.

Stad: Legevakta i Stavanger

Adresse: Armauer Hansensv 30, 4011 Stavanger

Kjernejournal er eit akuttmedisinsk verktøy som gir helsepersonell raskt innsyn i pasienten sin medisinske journal, med mellom anna oversikt over medisinbruk. Dette kan hindre feilbehandling i ein kritisk situasjon.

Kl. 12.00 - 13.00: Markering av kommunalt og frivillig samarbeid - Sunne kommunar

Stad: Gramstad turisthytte

Adresse: Fjogstadveien 160

Sunne kommunar og Den norske turistforening har inngått eit partnarskap for å fremme folkehelsa i Noreg. Dette er eit godt døme på korleis samarbeid mellom offentleg og frivillig sektor kan bidra til å styrke innsatsen for å nå breiare ut med informasjon om folkehelsearbeidet.

Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Facebook Følg oss på Facebook       Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Twitter Følg oss på Twitter