Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie til Evenes og Harstad torsdag 30. april

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Statsråd Bent Høie opnar ny ambulansehelikopterteneste på Evenes og besøkjer Helsehuset i Harstad.

Kl 10.30-12.45: Luftambulansebasen sin hangar ved Harstad/Narvik Lufthavn, Evenes

Bent Høie opnar ny ambulansehelikopterbase på Evenes. Ambulansehelikopteret forbedrer den akuttmedisinske hjelpa til befolkninga i Sør-Troms, Ofoten, Vesterålen og Lofoten. Statsråden får teste ut nytt helikopter. Det er 21 år sidan det sist vart etablert ein helikopterbase i Norge.

Kl 13.00-14.00: Helsehuset i Harstad,
Adresse: Heggen allè 13, 9406 Harstad

Bent Høie får ei omvising på helsehuset og møter pasientar, tilsatte og brukarar. Helsehuset samlar ei rekkje helse- og omsorgstenester under eit tak, mellom anna legesenter, avdeling for rehabilitering, frisklivssentral, helsestasjon og skolehelseteneste. Samarbeid mellom ulike helsetenester og faggrupper er eit viktig tema i stortingsmeldinga om primærhelsetenesta som regjeringa snart vil legge fram.     

Pressa er velkomen til å delta, og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.