Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie til Stavanger 12. juni

I Stavanger skal statsråden delta på fotballcupen No way, besøkje Statens barnehus, Helsehuset i Stavanger og butilbodet M100.

Kl. 09.30-11.00 Opne og delta på Noway Cup, adresse: Stavanger Stadion

Statsråden opnar og deltek på fotballcupen som vert arrangert av avdeling psykisk helse, Hinna. No way Cup er ei årleg fotballturnering i Stavanger der tilsette og brukarar spelar på lag. Politikarar i kommunen er utfordra og stiller til kamp saman med statsråden kl. 10.00.

Pressa er velkomen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.

Kl. 11.15-13.00 Besøkje Statens barnehus. Besøkjet er lukka for pressa.

Kl. 13.15-14.30 Besøkje helsehuset i Stavanger, adresse: Gamle Stavanger sykehus, Arkitekt Eckhoffsgate, inngang 7, 3. etasje

Statsråden opna helsehuset i Stavanger for eit år sidan. Under besøket vil han få høyre om erfaringane så langt. Han vil besøkje tilbodet om kvardagsrehabilitering og treffe brukarar og tilsette.  

Pressa er velkomen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.

Kl. 14.45-16.00 Besøkje M100, adresse: Musegaten 100

M100 er eit rusmiddelfritt butilbod til tidlegare rusmisbrukarar. Målet med tilbodet er å gi ein betre overgang frå institusjon til eigen bustad. Statsråden møter brukarar saman med ordfører i Stavanger, Christine Sagen Helgø.

Pressa er velkomen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.