Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie til Stavanger 20.januar: opnar speidarbasen på Godeset og deler ut prisen i NM i skulelunsj

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Statsråd Bent Høie opnar 20. januar speidarbasen på Godeset i Stavanger og deltek under finalen i NM i skulelunsj og delar ut prisen for beste bidrag.

Statsråd Bent Høie opnar 20. januar speidarbasen på Godeset i Stavanger. Speidarbasen vil vera open for alle innbygjarane i byen. Målsettinga er å leggje til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge på Godeset, Forus og Gausel i Stavanger kommune.

Statsråden drar så vidare til Måltidets hus. Der deltek han  under finalen i NM i skulelunsj og delar ut prisen for beste bidrag. NM i skulelunsj gjekk av stabelen 21. november til 21. desember 2016. Konkurransen skal skape engasjement rundt skulelunsjen som eit sunt måltid og ein sosial møteplass. Youtuberane Hanna-Martine og Joachim (Noobwork) vil og vere tilstades finaledagen og deltek under prisutdelinga. 

Program

12.00-13.00 Opne speidarbasen på Godeset
Stad: Keramikkvienen 36, Stavanger (Gausel fritidsgård) 

13.15-14.30 Dele ut prisen i NM i skulelunsj
Stad: Måltidets hus, Richard Johnsens gate 4, Stavanger

Pressa er velkomen til å delta.

Statsråden og dei andre deltakarane er tilgjengelege for kommentarar frå pressa.