Helse- og omsorgsminister Bent Høie til Stavanger 24. august

I Stavanger skal statsråd Bent Høie opne det "nye" Rogaland A-senter, møte "Pumps and pipes" om teknologioverføring mellom olje og helse, treffe kommande studentar på masterprogrammet i helseleiing og innovasjon på BI Stavanger. Han skal også møte dei "ukjende" helsearbeidarane på Stavanger universitetssykehus og delta på Velferdstinget sitt seminar om Helse og trivsel.

Pressa er velkomen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar

Program

Kl. 10.00-11.00 Opne det nye Rogaland A-senter,
adresse: Dusavikveien 216

Statsråden deltek på den offisielle opninga av "nye" Rogaland A-senter for rusomsorg. Her er det både nye bygg og nyrenoverte bygg som skal bidra til å gi brukarane eit godt tilpassa tilbod.

Kl. 11.15-12.15 Møte "Pumps and pipes" om teknologioverføring mellom olje og helse,
adresse: PGS, Prof. Olav Hanssensvei 7a

Kl. 12.30-13.45 Møte på BI om det nye masterprogrammet i helseleiing og innovasjon,
adresse: Hesbygaten 5

Masterprogrammet er eit tiltak i stortingsmeldinga om "Fremtidens primærhelsetjeneste – nærhet og helhet" som regjeringa la fram i vår, og vil vere ein del av regjeringa sitt "Kompetanseløft 2020". Handelshøyskolen BI har etter konkurranse fått i oppdrag å utvikle den nye leiarutdanninga. Statsråden møter kommande studentar og representantar for BI, saman med Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø.

Kl. 14.00-15.15 Møte dei "ukjende" helsearbeidarane,
adresse: Stavanger universitetssykehus, Armauer Hansensvei 20

Statsråden skal få ei omvising på sjukehuset, der han møter tilsette som det ikkje alltid vert snakka så mykje om – dei som kvar dag er med på å få hjula til å gå rundt. Han møter portørane, reingjeringsassistentane og kjøkkenpersonalet. Utan innsatsen frå dei "ukjende" helsearbeidarane, ville utreiing og behandling på sjukehuset stoppa opp.

Kl. 16.30-18.00 Delta på Velferdstingets seminar om helse- og trivsel,
adresse: Universitet i Stavanger, Kjell Arholmsgata 41

Helse- og omsorgsminister Bent Høie kjem til universitetet for å snakke om psykisk og somatisk helse.

Helse og trivselsundersøkinga er gjennomført av SSB på bestilling frå Velferdstinget i Stavanger, for å kartlegge korleis det er å vere ung og student i Stavanger.