Historisk arkiv

Helse- og omsorgsminister Bent Høie til Troms og Finnmark 1. og 2. september

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

I Tromsø opnar statsråden Pingvinhotellet og besøkjer prosjektet "Bedre tverrfaglig innsats". I Alta kjem Høie til Finnmarkskollektivet og Alta helsesenter, medan han i Karasjok besøkjer Samisk nasjonalt kompetansesenter (SANKS) og Sametinget.

Program 1. september

Kl 10.15-11.15: Pingvinhotellet i Tromsø,
adresse: Sykehusvegen 38, inngang C.

Helse- og omsorgsministeren opnar det nye hotellet.

Kl 12.20-13.20: "Bedre tverrfaglig innsats",
adresse: Rådhuset i Tromsø.

"Bedre tverrfaglig innsats" er ein modell som kan brukast av fagpersonar som jobbar med barn og unge og foreldra deira. Prosjektet syner korleis elektroniske verktøy kan brukast for ein tidligare og meir systematisk innsats.  Statsråden får høyre korleis prosjektet er organisert og får snakke med tilsette.

Kl 16.00-18.00: Finnmarkskollektivet,
adresse: Langfjordveien 1465, Langfjordbotn

Finnmarkskollektivet er eit behandlingstilbod som driv med intensiv og spesialisert langtidsbehandling av rusmiddelavhengige. Statsråden møter tilsette og pasientar.

Program 2. sept.

Kl 09.00-11.00: Alta helsesenter,
adresse:
Markveien 31

Statsråden får ei orientering om prehospitale tenester, tilbodet innan psykisk helsevern og rus og somatiske tenester på helsesenteret. Han får også høyre om Alta nærsykehus og framtidas helsetilbod i Alta og Vest-Finnmark.

Kl 14.30-15.30: Samisk nasjonalt kompetansesenter, SANKS,
adresse: Sykestugata 34, Karasjok

SANKS har distriktspsykiatriske funksjonar i opptaksområdet for Midt-Finnmark og nasjonale kompetansejenestefunksjonar innan psykisk helsevern og rus for den samiske befolkninga i heile Norge. Statsråden får ei orientering om tilbodet og får møte tilsette og pasientar.

KL 15.35-16.35: Sametinget,
adresse: Avjovargeaidnu 50

Statsråden får ei omvising og møter Sametingsrådet for å snakke om helsetilbodet til den samiske befolkninga.

Pressa er velkomen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.