Helse- og omsorgsminister til Os tysdag 19. januar
Pressemelding | Dato: 18.01.2016 | Helse- og omsorgsdepartementet
Dette innhaldet er meir enn 5 år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Statsråden skal få ei omvising på Os legevakt og brannstasjon.
Program:
Kl. 1415 – 1530: Besøk på Os legevakt og brannstasjon.
Adresse: Mobergsbakken 111
Statsråden skal få ei omvising i beredskapshuset på Moberg. Os kommune har samlokalisert "blålysetatane" i eit eige bygg som huser både legevakta og brann- og redningsvesenet.
Pressa er velkomen til å delta på omvisinga og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.
Statsråden skal også ha eit møte med Os kommune.