Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsministeren besøker Alta 14. oktober

Fredag 14. oktober legg statsråd Bent Høie ned grunnsteinen for Prosjekt Alta nærsykehus, saman med sametingspresident Aili Keskitalo. I samband med besøket, får Høie også ei omvising på barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk, voksenpsykiatrisk poliklinikk og døgneininga. I tillegg besøker statsråden stiftelsen Betania i Alta.

Program:

Kl 10-11.15: Betania

Kl 10-10.30: Furuly sykehjem, adresse: Furuly 22. Statsråden besøker Furuly sykehjem, får ei orientering om tilbodet og får treffe pasientar og pårørande.

Kl 10.35-11.15: Møteplassen, adresse: Bossekopveien 5.  Statsråden besøker Møteplassen, eit dagtilbod innan rus og psykiatri. Furuly og Møteplassen vert drivne av stiftelsen Betania Alta.

Kl 11.45-13.25: Prosjekt Alta nærsykehus, adresse: Markveien 31.
Kl 11.45-12.30: Grunnsteinsnedlegging. Helse- og omsorgsministeren og sametingspresidenten legg ned grunnstein ved vestibylebygget. Prosjekt Alta nærsjukehus vert realisert ved ei ombygging og utviding av noverande Alta helsesenter i eit samarbeid mellom Finnmarkssykehuset og Alta kommune.

Kl 12.30-13.00: Statsråden får ei orientering om tilbodet ved klinikk for psykisk helsevern og får omvising på barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk, voksenpsykiatrisk poliklinikk og døgneininga.  

Kl 13.00-13.25: Møte med leiing og tillitsvalde. Møtet er lukka for pressa.

Kl 13.30-14.00: Hjerterom, adresse: Løkkevn. 5 (inngang frå parkeringsplass P2)
Statsråden besøker Hjerterom, eit lavterskeltilbod for folk med mellom anna lettare psykiske lidingar og einsame. Hjerterom er ein møteplass for dei som ønskjer nokon å snakke med. Alta menighet, Pinsemenigheten Filadelfia, Betesda Tverrelvdalen og Stiftelsen Betania står bak tilbodet.

Pressa er velkomen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar