Helse- og omsorgsministeren besøker Finnmark torsdag 4. mai

Bent Høie besøker Finnstjerna bofellesskap, Sykehusinnkjøp HF i Vadsø og sjukehuset i Kirkenes.

Program

Vadsø

Kl. 09.00-11.30: Finnstjerna bofelleskap,
adresse: Bekkefaret 5, Vadsø.

Statsråden opnar offisielt det nye bufellesskapet. Han får ei omvising og treff bebuarar og tilsette. Bufellesskapet har 16 leilegheiter som er tilpassa brukarar med ulike funksjonshemmingar. Bebuarane skal kunne bu på Finnstjerna heile livet. Målet er at dei skal kunne leve så sjølvstendige liv som mogleg, oppleve meistring og selskap med andre. Vadsø kommune legg til rette for at den einskilde bebuar heile livet skal få dei tenestene dei treng på Finnstjerna.

Kl. 11.45-13.00: Sykehusinnkjøp HF,
adresse: Hermetikken, Tollbugata 7, Vadsø.

Høie etablerte Sykehusinnkjøp i august 2015. Sykehusinnkjøp HF skal sikre ei nasjonal samordning på tvers av regionane. Føretaket har i dag 225 tilsette over heile landet. Statsråden får ein presentasjon av drifta, får helse på dei tilsette og får sjå dei nyoppussa lokala.

Kirkenes

Kl. 14.30-16.45: Sykehuset i Kirkenes,
adresse: Dr. Palmstrømsvei 15, Kirkenes.

Kl. 14.30-15.45: Statsråden skal møte leiinga og dei tillitsvalde ved sjukehuset, og høyre om korleis sjukehuset har førebudd seg på å ta i bruk det nye sjukehuset som snart er ferdig. Han vil óg få ein presentasjon om korleis sjukehuset arbeider for å sikre prehospitale tenester av høg kvalitet til befolkninga i eit fylke med store avstandar og mange samarbeidspartnarar.

16.00-16.45: Omvising på Kirkenes nye sjukehus

Pressa er velkommen til å delta, og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.