Historisk arkiv

Helse- og omsorgsministeren held føretaksmøte om sjukehusstruktur 24. april

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Bent Høie held føretaksmøte om oppfølging av Nasjonal helse- og sykehusplan og om avklaring av akuttfunksjonar.

I fjor behandla Stortinget Nasjonal helse- og sykehusplan. Det er første gong Stortinget behandlar ein nasjonal plan som skal vere grunnlaget for utviklinga av sjukehusa våre. Det var brei politisk semje om at vi fortsatt skal ha både store og små sjukehus med akuttfunksjonar i Norge. Som oppfølging av helse- og sykehusplanen skal alle helseføretak utarbeide utviklingsplanar. Dei regionale helseføretaka har styrebehandla sakene som gjeld akuttfunksjonar, og sakene vert lagt fram i helse- og omsorgsministeren sitt føretaksmøte 24. april.

Tid: måndag 24. april klokka 13-14

Stad: Helse- og omsorgsdepartementet, Teatergata 9, Oslo

Møtet er lukka for pressa. Statsråden er tilgjengeleg for kommentarar etter føretaksmøtet.