Historisk arkiv

Helse Nord skal greie ut samanslåing av UNN og Finnmarkssykehuset

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

I føretaksmøtet 7. mars ga helseminister Bent Høie Helse Nord RHF i oppdrag å greie ut at Finnmarkssykehuset HF blir ein del av Universitetssykehuset Nord-Norge HF.

- I Granavolden-plattformen står det at regjeringen vil at Finnmarkssykehuset skal bli ein del av Universitetssykehuset Nord-Norge. Det er allereie i dag eit omfattande samarbeid mellom desse to helseføretaka, og befolkninga i Finnmark nyttar i stor utstrekning tilbodet ved Universitetssykehuset Nord-Norge. Målet med ei samanslåing er å styrke sjukehustilbodet i Nord-Norge, og Finnmark særskilt, seier helseminister Bent Høie.

Gjennom utgreiinga ynskjer helseministeren å få ei grundig vurdering av om det samla tenestetilbodet kan styrkast ved å slå saman dei to helseføretaka. Dette kan gje grunnlag for eit endå betre samarbeid og meir sømlause pasientforløp, og også moglegheiter for å utnytte personellressursane betre.

Det er ei klar målsetjing at både det desentraliserte tilbodet i Finnmark og det spesialiserte tilbodet ved universitetssykehuset skal videreutviklast og styrkast. Videre må det vurderast korleis det nasjonale ansvaret for spesialisthelsetenester for den samiske befolkninga kan takast i vare på ein best mogleg måte gjennom ei samanslåing av helseføretaka.

Utgreiinga skal ferdigstillast innan 1. desember 2019 og vert deretter sendt ut på høring.

Les foreløpig foretaksprotokoll