Historisk arkiv

Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøker Haugesund og Karmøy måndag 6. september

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Opning av nytt sjukehus og drive-through-vaksinering står på timeplanen når helse- og omsorgsminister Bent Høie besøker Haugesund og Karmøy.

 Kl. 09.15-10.00: Koronasenteret på Bygnes

Bent Høie får ei orientering om vaksinering og testing i Karmøy kommune. Han møter tilsette og frivillege ved vaksinesenteret, der drive-through-vaksinering har blitt eit populært tilbod.

Adresse: Vestheimvegen 39, 4250 Kopervik.

Kl. 10.30-11.20: Augeklinikken Ifocus

Bent Høie får omvising på augeklinikken. Tema for besøket er mellom anna Fritt behandlingsval.

Adresse: Sørhauggata 111, 5527 Haugesund

Kl. 12.00-13.30: Offisiell opning av nytt sjukehusbygg i Haugesund

Statsråden skal opne sjukehusbygget "Sydvest" i Haugesund. Det nye sjukehusbygget skal innehalde felles akuttmottak for fysisk og psykisk sjuke, nye operasjonsstover, ny fødeavdeling og nytt laboratorium. Sjukehusbygget på 18 000 kvadratmeter er blant dei største investeringane som er gjort på land på Haugalandet nokon gong.

Adresse: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Pressa er velkomen til å delta. Statsråden er tilgjengeleg for intervju.