Presseinvitasjon

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol til Bergen 30. mai

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Opning av heroinassistert behandling og besøk hos utekontakten er noko av det som står på dagsorden når helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol er i Bergen mandag 30. mai.

10:00 – 10:30: Opning av Camria – vestnorsk senter for antibiotikarestistens
Senteret er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Stavanger universitetssjukehus og Trond Mohn Stiftelse. Antibiotikaresistens og feilbruk av antibiotika er ein helsetrussel for folk i heile verda. Senteret forskar på korleis og korfor resistens blir utvikla og spreidd, og korleis ein kan redusere unødig bruk av antibiotika. 

Stad: Eitri Inkubatorbygget, Haukelandsbakken 31

10:45 – 12.15: Opning av heroinassistert behandling i Bergen
Prøveprosjektet med heroinassistert behandling (HAB) er ein del av legemiddelassistert rehabilitering (LAR). Pasientane får god og heilskapleg oppfølging. Det er gitt eigne midlar til følgeforsking slik at ein kan evaluere effekten. Statsråden får omvising og møter pasientar.

Stad: Skutevikenklinikken, Nye Sandviksveien 84

12:30 – 13:30: Besøk hos utekontakten
Regjeringa er i gang med ei stortingsmelding på rusfeltet. Ein må bli betre både på å førebygge og oppdage rusproblematikk tidleg og gi tilbod om hjelp rask – særleg til unge som er i fare for å utvikle rusproblem. Statsråden får ei orientering om korleis ein jobbar førebyggande i Bergen og møter erfaringskonsulentar. 

Stad: Strømgaten 10

13:45 – 14.45: Besøk hos IT-avdelingen ved Universitetet i Bergen
Regjeringa ser på moglegheiter for å gi betre tilgang til og bruk av helsedata gjennom samarbeid med universitets- og høgkulsesektoren. SAFE (Sikker Adgang til Forskningsdata og E-infrastruktur) er ei løysing for sikker behandling av sensitive personopplysingar i forsking som er utvikla av IT-avdelinga ved Universitetet i Bergen.

Stad: Styrerommet, Universitet i Bergen, Muséplass 1

15:45 – 16:45: Ung Arena Bergen
Ung Arena er eit lett tilgjengelig tilbod for unge i alderen 12-23 år som opplev ulike utfordringar. Her kan ein snakke om alt. Tilbodet er gratis, har lange opningstider og fleksibilitet rundt kor ein møtast. Statsråden får innspel frå tilsette og brukarar til arbeidet med ein ny opptrappingsplan for psykisk helse.

Stad: Wollert Konows plass 2, 5224 Nesttun