Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol til Trøndelag 8. august

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol besøker Levanger og Meråker måndag 8. august. Hun skal besøke Sjukehuset Levanger og Helsetunet i Meråker kommune.

10:00 – 11:00: 20-årsjubileum for fysikalsk medisin og rehabilitering

Statsråden held innlegg og svarer på spørsmål på Rehabiliteringskonferansen om regjeringa sine tankar/planar om framtidas satsing på rehabilitering.

Adresse: Levanger vidaregåande skole, Kirkegata 1, rett over vegen for Sjukehuset Levanger.

11:00- 12:30: Omvising på Sjukehuset Levanger

Kjerkol besøker akuttmottaket og får ei orientering om den nye løysinga i mottaket inkl. CT- og røntgen-løysingar. Deretter får statsråden presentert forsking knytta til demens og dagens/morgondagens demensomsorg på Psyk/Seksjon alderspsykiatri.

Adresse: Sykehuset Levanger, Kirkegata 2, 7600 Levanger

14:00 – 15.30: Statsråden besøker Meråker helsetun.

Her er ei rekke helse- og omsorgstenester samlokaliserte, inkludert sjukeheim, heimeteneste, helsestasjon og psykolog. Statsråden får ei omvising og skal helse på tilsette og brukarar. Deretter skal Kjerkol ha møte med ordførar og kommunale leiarar. Tema er rekrutteringsutfordringar til helse- og omsorgstenesta, inkludert fastlegar.  

Adresse: Meråker helsetun, Rådhusgata 8, Meråker