Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Helsekonferansen 2016 – «Pasientens helsetjeneste i praksis»

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Tema på Helsekonferansen 2016 er korleis kommunar og sjukehus arbeider med leiing, kompetanse, team og digitalisering for å skape pasienten si helseteneste i praksis.

Konferansen, som er helse- og omsorgsminister Bent Høies årlege helsekonferanse, samlar rundt 600 deltakarar til foredrag, mini-presentasjonar og stands om korleis vi skal lykkast med dette i praksis.

Tid: Tysdag 1. november og onsdag 2. november

Stad: Clarion Hotel & Congress Oslo Airport – Gardermoen

Les programmet på helsekonferansen.no 

Frå programmet:

Saka om 15-årige «Ida» som blei svikta av barnevern og helseteneste, har engasjert helseminister Bent Høie og barneminister Solveig Horne. På Helsekonferansen snakkar dei om kva vi kan lære av Ida-saka og korleis samarbeidet mellom helsetenesta og barnevernet kan bli betre.

I Nederland har dei utvikla ein landsomfattande modell (ParkinsonNet), basert på ein digital plattform som knyter fagfolk og Parkinson-pasientar saman. Arbeidsforma omfattar opplæring av fagfolk og pasientar, samarbeid og kunnskapsutveksling. Målet er eit likeverdig tilbod til pasientar med kronisk sjukdom. Korleis nettverket fungerer i Nederland, er eit tema på Helsekonferansen. Planen er at ParkinsonNet skal prøvast ut i Norge som eit samarbeid mellom helseføretak og kommunar.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie er tilgjengeleg for intervju under heile konferansen.

Velkommen!