Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Helsekonferansen 2017 – «Leve hele livet» ei kvalitetsreform for eldre

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Helsekonferansen i år handlar om reforma «Leve hele livet» som skal gi eldre betre tenester og hjelp til å meistre eigne liv.

Konferansen, som er helse- og omsorgsminister Bent Høie sin årlege helsekonferanse, samlar rundt 750 deltakarar frå heile landet. Programmet speglar dei fire elementa i reforma: Mat, fellesskap og aktivitet, helsehjelp – og samanheng i tenestene. Helse- og omsorgsminister Bent Høie opnar konferansen, og statsminister Erna Solberg og finansminister Siv Jensen besøker konferansen fredag morgon.

Tid: Torsdag 11. mai og fredag 12. mai 2017

Stad: Clarion Hotel & Congress Oslo Airport – Gardermoen

Les programmet på helsekonferansen.no 

I plenum og mini-presentasjonar kan du høyre om korleis kommunane skal lukkast med å gi betre tenester til dei eldre, om kva som skal til for å halde ut som pårørande og om korleis dei tilsette skal kunne bruke kompetansen sin til beste både for dei eldre og for trivselen på arbeidsplassen.

Kva betyr det for tenestene at Norge vert eldre? Kor sviktar det i eldreomsorga? Vi får eksempel på den gode sjukeheimsmaten, dagtilbod og gylne augneblink for eldre med demens og kva som er riktig bruk av legemiddel for eldre. Og mykje meir.

Pressa er velkomen til å delta på heile konferansen. Statsminister Erna Solberg, helse- og omsorgsminister Bent Høie og finansminister Siv Jensen er tilgjengelege for pressa.