Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Helseminister Bent Høie besøker Troms og Finnmark 10. og 11. desember

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

I samband med den alvorlege beredskapssituasjonen for flyambulansetenesta besøker helseminister Bent Høie Finnmark og Troms.

Høie har følgande program:

Tysdag 10. desember:

Kl. 21.00: Møte med regionråda i Aust- og Vest-Finnmark, og fylkeslegen i Troms og Finnmark.
Stad: Scandic hotell Alta
Statsråden er tilgjengeleg for kommentar etter møtet.

Onsdag 11. desember:

Kl. 08.00-09.30: Møte med leiar av Finnmark legeforening, Paul Olav Røsbø, og kommunelege i Loppa kommune og styremedlem i Finnmark legeforeining Olav Gunnar Ballo.
Stad: Øksfjord helsesenter, Øksfjord.
Statsråden er tilgjengeleg for kommentar etter møtet.

Kl. 17.00-17.45: Møte med AMK-sentralen ved Universitetssjukehuset Nord-Norge
Stad: UNN, Hansine Hansens veg 67, Tromsø.
Statsråden er tilgjengeleg for kommentar etter møtet.

På grunn av veret er programmet i Tromsø skyvd på, og møtet med Babcock-leiinga må difor utgå.

Ved ytterlegare endringer i programmet vil oppdatert versjon bli sendt ut.

Høie sin planlagde deltaking på opninga av Klinikk Alta 11. desember er avlyst på grunn av situasjonen i flyambulansetenesta.