Presseinvitasjon:

Helseminister Bent Høie til Troms tysdag 17. april

Helseminister Bent Høie skal besøke MIKI-senteret i Salangen og få ein presentasjon av lavterskeltilbodet deira til personar som har falle utanfor arbeidslivet. Deretter skal statsråden til Finnsnes Distriktsmedisinske senter (DMS). Her er ei rekke kommunale helse- og omsorgstenester og spesialisthelsetenester samlokaliserte.

Program:

Kl. 12.00-13.30: Besøke MIKI-senteret. Bent Høie får ein presentasjon av pilotprosjektet som skal gi personar som har falle utanfor utdanning- og arbeidsliv ein moglegheit til å oppleve meistring og bidra på arbeidsmarknaden. Statsråden får ei omvising på både MIKI-Senteret og Salangen Nyheter, og skal helse på tilsette og brukarar av senteret. Statsminister Erna Solberg opna senteret i fjor.  

Adresse:  MIKI-senteret, Kongsveien 62, Sjøvegan.

Kl. 14.30-15.45: Besøke Finnsnes Distriktsmedisinsk senter (DMS). Bent Høie få ei omvising og skal blant anna innom den interkommunale legevakta, avdelinga med kommunal akutt døgneining og dialyseavdelinga. Her skal statsråden treffe ein pasient som får behandling. Statsråden får også høyre meir om korleis kommunane rekrutterer frivillige til sjukeheimar, og han skal helse på tilsette og brukarar.

Adresse: Helsesenterveien 32, 9300 Finnsnes

Pressen er velkomen til å delta. Statsråden er tilgjengeleg for intervju. 

Til toppen