Henrik Asheim som arbeids- og sosialminister

I dag tek Henrik Asheim over styringa av Arbeids- og sosialdepartementet i perioden Torbjørn Røe Isaksen avviklar foreldrepermisjon, frå og med 1. oktober 2020 til og med 13. januar 2021.

I denne perioden vil Asheim også ha ansvaret for forsknings- og høgare utdanningssaker i Kunnskapsdepartementet.