Herrelaus arv skal gå til frivillig verksemd for barn og unge

Forskrift om herrelaus arv vart vedteken i statsråd i dag. Den nye forskrifta slår fast at når ein avdød ikkje har slektningar, ektefelle eller sambuar som arvar, og heller ikkje har skrive testamente om arven, skal nettoformuen fordelast til frivillig verksemd. Aktivitetar for barn og unge med nedsett funksjonevne skal prioriterast.

Pengar frå herrelaus arv vil bidra til at frivillige organisasjonar kan tilby fleire aktivitetar til barn og ungdom, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

- Barn og unge med nedsett funksjonsevne deltek mindre enn andre i organiserte fritids- og idrettsaktivitetar. Frivillige organisasjonar har ei viktig rolle for barn og unge med nedsett funksjonsevne fordi dei skapar gode fritidstilbod og møteplassar, seier kulturminister Helleland.  

Dei seinare åra har den samla summen for slik herrelaus arv vore mellom 3 og 20 millionar kroner årleg, med eit snitt på om lag 10 millionar kroner.

Pengane skal fordelast av Landsrådet for barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) etter retningsliner fastsett av LNU og godkjent av Kulturdepartementet.