Historisk arkiv

Hill-Marta Solberg ny fylkesmann

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Hill-Marta Solberg er i Statsråd fredag utnemnd til Fylkesmann i Nordland.

Hill-Marta Solberg, Foto: Stortingsarkivet/ScanpixHill-Marta Solberg er i Statsråd fredag utnemnd til Fylkesmann i Nordland.

Solberg er 55 år gamal, utdanna adjunkt med norsk og historie som fag i tillegg til lærarskulen. Ho arbeidde som lærar frå 1975 til 1987. I 1987 vart ho vald til ordførar i Sortland kommune i Nordland. Ho var ordførar fram til 1993. I 1993 vart ho vald inn på Stortinget og er framleis stortingsrepresentant. Ho var statsråd i Sosial- og helsedepartementet frå januar 1994 til oktober 1997. Ho har hatt ulike offentlege verv og verv i Arbeidarpartiet og er no parlamentarisk leiar.

Hill-Marta Solberg biografi (Stortingets nettsider)