Historisk arkiv

Hjå Tingvollost

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad har vitja Tingvollost.

Tingvollost lagar kvit- og blåmuggostar med mjølk frå eigen gard. Dei fleste har høyrt om osten frå Tingvoll etter at dei i 2016 med blåmuggosten Kraftkar vann World Cheese Awards i Spania.  

– Eg er imponert over det familien Waagen har bygd opp kring garden Saghaug og Tingvollost, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad. – Det er eit godt døme på kva som er mogleg å få til ved å satse grundig og systematisk på lokale produkt med særpreg, og der folk både kan få fortalt og oppleve historiene som ligg bak maten, seier Bollestad.

Gunnar Waagen tok eit godt tak kring landbruks- og matministeren når ho kunne fortelje at Mattilsynet sitt kontor i Surnadal skal oppretthaldast.
Gunnar Waagen tok eit godt tak kring landbruks- og matministeren når ho kunne fortelje at Mattilsynet sitt kontor i Surnadal skal oppretthaldast. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Vi er samvirkebønder på vår hals!

Folka på Tingvollost nytta høvet til å ta opp fleire tema dei er opptekne av med landbruks-statsråden. Det var Matnava og den besøksordninga desse har, mottaksplikta for mjølk, Norsk Gardsost og det gode samhaldet mellom ysteria, vaktordning for veterinærar og verdien av å ha uavhengige distributørar som Tine som fraktar all osten frå Tingvollost og gjer dei uavhengige av grossistleddet. – Vi har eit særs godt samarbeid med Tine, som hentar den mjølka vi ikkje bruker i osteproduksjonen. Vi er samvirkebønder på vår hals! seier Gunnar Waagen.

Avhengig av hjelpa frå det lokale Mattilsynet

Waagen nytta også høvet til å skryte av det gode samarbeidet og all hjelpa dei har hatt frå det lokale Mattilsynet i Surnadal. – Tingvollost hadde ikkje sett dagens lys hadde det ikkje vore for den hjelpa vi har fått frå dette Mattilsyns-kontoret, seier Waagen.

Stor var derfor jubelen då Bollestad  kunne fortelje at kontoret i Surnadal vil bli vidareført som i dag, og ikkje bli slått saman med kontoret i Kristiansund, slik det har vore forslag om.

F.v. Solvor, Gunnar og Kristin Waagen hadde mykje dei ville snakke med Olaug Bollestad om.
F.v. Solvor, Gunnar og Kristin Waagen hadde mykje dei ville snakke med Olaug Bollestad om. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Tingvollost

Tingvollost vart etablert i 2003 i Tingvoll kommune på Nordmøre. Ystinga skjer i eige gardsmeieri som vart bygd i 2006. Det ligg vegg i vegg med fjøset som vart bygd i 2009. Tingvollost nyttar berre pasteurisert kumjølk frå eigen gard til ystinga. Årsproduksjonen ligg på omkring 22 000 kg ost. I tillegg blir det levert mjølk til TINE sin Jarlsbergproduksjon.

På garden Saghaug kan folk kome og oppleve gardslivet, dei får treffe dyra, kan handle i gardsbutikken og få høyre historia som ligg bak garden og Tingvollost.

Tingvollost sine ostar har vunne mange prisar, både nasjonalt og internasjonalt. Blåmuggosten Kraftkar vann i 2016 prisene World Champion (verdens beste ost) under World Cheese Awards i San Sebastian, Spania – og den vann Champion of Champions (verdens beste ost gjennom konkurransens 29 årige historie). Alle dei fire ostane til Tingvollost har vunne medalje under World Cheese Awards.