Historisk arkiv

Hjortepølse frå Svanøy fall i smak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matministeren Jon Georg Dale tok imot eigenstappa spekepølse av hjort frå Johan Trygve Solheim ved Norsk Hjortesenter denne veka. Dale meiner det ligg eit stort potensial for større verdiskaping i viltkjøt- og jaktnæringa.

Dale meiner det ligg eit stort potensial for større verdiskaping i viltkjøt- og jaktnæringa.
Dale meiner det ligg eit stort potensial for større verdiskaping i viltkjøt- og jaktnæringa. Foto: Landbruks- og matdepartementet.

Som det går fram av meldinga «Garden som ressus – marknaden som mål» ligg det eit stort potensial for auka omsetnad og verdiskaping knytt til jakta, viltkjøtet og tilleggstenester i Noreg. Norsk Hjortesenter melder om stor etterspørsel etter hjortekjøt og spekepølser. Det er mange som ønskjer å lære seg å lage slike pølser og deltek på kurs. Norges Skogeigerforbund (2010) anslo ein auke i omsetnad knytt til hjorteviltjakt i Noreg frå om lag 1,1 mrd. kroner i 2009 til i overkant av 1,8 mrd. kroner i 2020.

Kompetansesenter for norsk hjort

Overlevering av spekepølsa fann stad i lokala til Støm-Larsen AS på Torshov i Oslo. Norsk Hjortesenter har eige slakteri og driv mykje med kursverksamheit knytt til hjorten som ressurs, både vill og i oppdrett, mellom anna kurs i slakting, partering og vidareforedling av hjortekjøt. Eit av desse kursa går på spekepølseproduksjon etter ein gamal metode som var vanleg på Vestlandet fram til krigen.

Dei økonomisk viktigaste storviltartane i Noreg

Elg og hjort er dei økonomisk viktigaste storviltartane i Noreg med omsyn til mengde viltkjøt, jaktomfang og tilleggstenester. I jaktåret 2016/2017 blei det felt 37 700 hjort, ein auke på 4 000 dyr frå året før. Til samanlikning blei det felt rundt 30 800 elg i 2016/2017, om lag 300 færre enn året før.