Historisk arkiv

Høg kornproduksjon på verdsbasis

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Kornhaustinga er godt i gang på den nordlege halvkula, og det ligg an til nok eit år med høg produksjon på verdsbasis. Dermed har dei internasjonale prisane på dei fleste korn- og kraftfôrråvarene falle frå juli til august.

Mykje av kornet har allereie blitt hausta på den nordlege halvkula. Ifølgje den siste prognosen frå det internasjonale kornrådet IGC, blir den samla kornproduksjonen i verda i 2017–2018 nærmare 2 050 mill. tonn. Det er berre litt lågare enn det rekordhøge fjoråret. Det ligg an til store kveiteavlingar, særleg i Europa, sjølv om det framleis står att ein del på åkrane i Nord-Europa.

Mot nok eit godt kornår i Noreg
Her heime er treskinga omsider i gang, og på Austlandet melder mange om både høge avlingar og god kvalitet på kornet. I Trøndelag kjem det første kornet i hus om kort tid. Forholda mange stader i landet har lege til rette for ein god kornhaust samla sett, men det er enno for tidleg å seie noko sikkert. Marknadsregulator Norske Felleskjøp offentleggjorde 15. august den første prognosen for sesongen, der dei legg opp til ein samla produksjon av korn, erter og oljefrø på 1 190 000 tonn. Det er lågare enn i fjor, men likevel fem prosent over femårssnittet. Det er venta meir kveite enn i fjor, særleg av fôrkvalitet, men mindre bygg.