Historisk arkiv

Høg produksjon gjev lågare kornprisar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Etter ein nedgang i dei internasjonale kornprisane på slutten av 2016, gjekk særleg kveiteprisane opp i fyrste delen av januar. Den 10. januar nådde dei det høgste punktet sidan august på prisindeksen frå IGC, det internasjonale kornrådet. Men dei siste to vekene av januar gjekk prisane ned att.

Samtidig er IGC si prognose for den totale kornproduksjonen i 2016–2017 auka med 10 mill. tonn. Det er ein oppgang på fire prosent, til rekordhøge 2 094 mill. tonn.

Det er ein auke i alle kornproduksjonane som gjer kornåret 2016–2017 til det beste nokon sinne. Det skuldast særleg produksjonen av mais, men bortsett frå for bygg er det venta ein solid auke for dei fleste kornslaga.

Korn havre
Det er ein auke i alle kornproduksjonane som gjer kornåret 2016–2017 til det beste nokon sinne. Foto: Landbruks- og matdepartementet