Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Høgare fart for rullestolar

Samferdselsministeren har i dag bede Vegdirektoratet foreslå naudsynte endringar for at rullestolbrukarar skal få køyre i 15 km/t. - Ein slik fartsauke er ønskt av brukarane, samtidig må vi sørge for at det ikkje går utover trafikktryggleiken for andre trafikantar, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

I dag kan rullestolbrukarar køyre i 10 km/t. Med betre rullestolar, vert rullestolar òg nytta andre stader i trafikken enn berre på fortau. Derfor ønsker regjeringa no å legge til rette for ei auke til 15 km/t.

Ein slik fartsauke krev endringar i regelverket, mellom anna i trafikkreglane. Vegdirektoratet skal no utarbeide forslag til endring og sende dette på høyring.

For fleire opplysningar - sjå:

  • Brev fra Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet om forslag til endring og høyring  
Til toppen