Historisk arkiv

Høgare kvote for nordaustarktisk sei i 2020

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett totalkvoten for fiske av nordaustarktisk sei i 2020 til 171 982 tonn.

Totalkvota er lik kvoterådet frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES). Dette er 15 prosent meir enn i 2019, noko som er i tråd med stabilitetsregelen. Denne regelen skal hindre for store endringar og sørge for stabilitet mellom år.  

Sei nord for 62 grader nord er ein norsk bestand som Noreg forvaltar åleine utan forhandlingar med andre land.