Historisk arkiv

Høgare kvote for nordaustarktisk sei i 2021

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett totalkvoten for fiske av nordaustarktisk sei til 197 779 i 2021.

Totalkvoten er lik kvoterådet frå Det internasjonale råd for havforskning (ICES). I 2021 er den 15 prosent høgare enn kvoten i 2020, noko som er i tråd med stabilitetsregelen. Denne regelen skal hindre for store endringar og sørge for stabilitet mellom år.  

Sei nord for 62 grader nord er ein norsk bestand som Noreg forvaltar åleine utan forhandlingar med andre land.