Historisk arkiv

Høgare prisar på internasjonale meieriprodukt, variabel utvikling for andre jordbruksvarer

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Stram tilgang på smør til eksport dreiv opp dei internasjonale smørprisane i juli. Prisane på ost og heilmjølkspulver auka òg. Dei internasjonale kveiteprisane gjekk ned etter å ha auka i juni.

Høgare prisar på dei fleste meierivarene

Dei internasjonale prisane på ost, heilmjølkspulver og smør auka i juli. Det syner FAO sin prisindeks for meieriprodukt, som gjekk opp med 7,6 poeng frå nivået i juni. Det svarar til ein auke på 3,6 prosent. 

Tørt vêr, men lågare kveiteprisar i juli

Etter auke i internasjonale kveiteprisar i juni, gjekk prisen ned i juli. Tørt vêr har bidratt til at det er venta lågare kvalitet på vårkveiten i Nord-Amerika i komande sesong.

Smør og melk.
Smør og melk. Foto: Colourbox