Høgnivåmøte om kampen mot ebola

Av Ingvild Vereide Nave, EU-delegasjonen

12. desember møttest land og organisasjonar frå heile verda i Brussel for å koordinere arbeidet mot ebola i Vest-Afrika vidare. Noreg samarbeider tett med både EU og andre internasjonale aktørar.

Assisterande utanriksråd og ebolakoordinator Aud Kolberg frå Utanriksdepartementet deltok på høgnivåmøte om kampen mot ebola. Foto: Ingvild Vereide Nave
Assisterande utanriksråd og ebolakoordinator Aud Kolberg frå Utanriksdepartementet deltok på høgnivåmøte om kampen mot ebola. Foto: Ingvild Vereide Nave Foto: Ingvild Vereide Nave, EU-delegasjonen

Sidan utbrotet av ebola i desember i fjor, har det internasjonale samfunnet med jamne mellomrom møttest på høgnivåmøter. Møtet blei arrangert av EU for medlemsland og involverte tredjeland, og er opptakta til eit stort toppmøte med deltakarar frå heile verda neste år.

Avhengig av meir fleksibelt helsetilbod

Over 15 000 personar er råka av sjukdomen, og epidemien har fått store konsekvensar for samfunnet i heilskap. Frå Noreg deltok assisterande utanriksråd og ebolakoordinator Aud Kolberg frå Utanriksdepartementet, ekspedisjonssjef Ole Andersen frå Helse- og omsorgsdepartementet og helseråd ved Noregs delegasjon til EU, Ingrid Vigerust. 

- Utfordringa no er å skape eit meir fleksibelt hjelpeapparat. Vi har sett opp basar i landa som er råka, men vi er nøydde å ha utstyr og personell slik at vi kan bevege oss meir rundt i distrikta. Dette krev både midlar, utstyr og planlegging. Det er også viktig å hindre epidemien frå  å spreie seg vidare, og førebyggje nye utbrot, fortel Kolberg.

Deltek på daglege ebola-møter

I tillegg til høgnivåmøtene, møter også Noreg dagleg på møter med EU for å halde seg oppdatert om situasjonen i Vest-Afrika og kva behova til ei kvar tid er. Dette er eit møte mellom EU-landa, men Noreg tar også del fordi vi er ein del av EU sin samordningsmekanisme for sivil beredskap og krisehandtering. I forhold til folketalet, bidrar Noreg med betydelege ressursar i kampen mot ebola. Noreg er også eit av landa som var tidlegast ute med å setje i gong arbeidet. Så langt har vi bidratt med 334 millionar kroner. Desse pengane har mellom anna gått til organisasjonar som Leger Utan Grenser og  til å støtte FN sine operasjonar i området.

- Ein prioritet har vore å raskt få norsk personell og utstyr på bakken. Men det er ein gong slik at Noreg er eit lite land med avgrensa ressursar, difor har vi signert ein avtale med Storbritannia, og støttar deira operasjon i Sierra Leone. Dette er ei god løysing fordi ein då sikrar at ein kjem raskt i gang med arbeidet, på same tid som ein sikrar god tryggleik for våre helsearbeidarar, fortel Kolberg.

Første norske team er på bakken

13. desember ankom det første norske teamet Moyamba i Sierra Leone for å behandle ebola-pasientar. Ti sengeplassar vil vere tilgjengelege frå starten av, men dette talet vil raskt bli auka i vekene framover.

- Norske helsearbeidarar viste raskt at dei ønskte å hjelpe til. Planen vår er å auke talet på helsepersonell i månedane framover slik at vi når totalt 200. Deretter vil 50 personar om gongen bemanne det norske sjukehuset som er sett opp i Moyamba, fortel Kolberg.

Noreg med å prøve ut verdas første ebola-vaksine

Det er ikkje berre økonomisk støtte Noreg gjev. I Guinea, der ebola først braut ut, leiar Noreg arbeidet med å prøve ut verdas først vaksine mot ebola. For å auke sjansen for lukkast blir det testa vaksiner på tre forskjellige stader parallelt. Medan USA leiar arbeider i Liberia og Sierra Leone, tok Noreg på seg å tette holet i Guinea på oppfordring frå Verdas helseorganisasjon (WHO). No pågår detaljert planlegging av vaksineutprøvinga, før ein startar arbeider i Guinea over nyttår.  Totalt er det sett av 23 millionar kroner til vaksineutvikling gjennom Forskingsrådets program for global helse- og vaksinasjonsforsking (GLOBVAC).  Det er Folkehelseinstituttet som leier arbeider.

 Også eit Hercules-fly sett til disposisjon. Forsvaret brukar flyet til å frakte utstyr frå Storbritannia til Sierra Leone. Om bord i flyet er det bygd inn ein spesildesigna ambulanse, som også sikrar evakueringskapasitet om norske helsearbeidarar skulle blir smitta under arbeid.  Det er også signert ein avtale med US/Phoenix Air og French Medic Air, for å garantere at ein får evakuert helsearbeidarar i tilfeller der det er naudsynt.

Meir informasjon:

Les meir om EU sitt arbeid mot ebola her og her.

Les om FN sin ebolarespons.

Les meir om ebola på Folkehelseinstituttet sine nettsider.

Dei første norske helsearbeiderane på plass i Sierra Leone.

Les meir om GLOBVAC.

Les meir om Noregs helsesamarbeid med EU.