Presseinvitasjon:
Høie besøker Nord-Trøndelag måndag 20. mars
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet
Pressemelding | Dato: 17.03.2017
Helse- og omsorgsministeren legg ned grunnsteinen for nytt psykiatribygg i Levanger, får høyre om HUNT si eldresatsing, besøker Maurtuva Vekstgård, Steinkjer sykehjem og Sykehuset Namsos.
Program
09.00-10.00: Sykehuset Levanger.
Grunnsteinsnedlegging, nytt psykiatribygg. Helse Nord-Trøndelag bygger ut Klinikk for psykisk helsevern og rus. Det nye bygget skal vere ferdig i 2019. Psykiatribygget er spesialtilpassa pasientene sine behov og er eit skreddarsaum-bygg for moderne behandling innan psykisk helsevern. Arrangementet finn stad i klinikken sin gymsal og på byggetomta.
10.10-11.00: HUNT, Forskningsvegen 2, Levanger.
Statsråden får ei orientering om HUNT 70+ som er HUNT si eldresatsing. Satsinga har eit særskilt fokus på tannhelse, ernæring fysisk aktivitet og forekomst av demens blant dei over 70 år.. HUNT 70+ vil kunne bidra med viktig kunnskap for å møte utfordringane i morgondagens omsorg, mellom anna når det gjeld å utvikle førebyggjande strategiar.
11.40-12.40: Maurtuva Vekstgård, Kvamshaugan 114, Inderøy.
Maurtuva har eit vellukka overnattingstilbod for personar med demens som dei no ønskjer å utvide. Dette er eit godt tiltak både for brukarane og for dei pårørande, som får avlasting. Statsråden får omvising og orientering om tilbodet.
13.20-14.10: Steinkjer sykehjem, Seilmakergata 4.
Statsråden deltek på livsgledekafe saman med bebuarar og elevar frå vidaregåande, som driv kafeen. Steinkjer sykehjem er oppteken av å legge til rette for aktivitetar som gir den einskilde bebuar ein meiningsfull kvardag, og held på å sertifisere seg til ein livsgledeheim.
15.20-16.20: Sykehuset Namsos.
Statsråden får ei omvising på traumemottaket i det nye moderne akuttmottaket, og får vere med på ei traumeøving. Han får og ei orientering om den akuttkirurgiske beredskapen på sjukehuset.
Pressa er velkommen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.