Historisk arkiv

Høie inviterer til storbymøte om illegale rusmiddel i utelivet 8. november

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Éin av fire i Oslo testa positivt på illegale rusmiddel, viser ein rapport frå Folkehelseinstituttet. Er dette eit Oslo-fenomen, eller er situasjonen tilsvarande i andre storbyar? Tysdag 8. november inviterer helse- og omsorgsminister Bent Høie folkevalde og utelivsbransjen i dei største byane i landet for å få belyst situasjonen utanfor hovudstaden.

  • Når:   Tysdag 8. november klokka 13.30 til 16.00.
  • Stad:  Regjeringskvartalet R5, Akersgata 59, Oslo.

Ein fersk rapport frå Folkehelseinstituttet viser at 25 prosent av personar i utelivet i Oslo, testa positivt på bruk av illegale rusmiddel. Det er første gong «folk på byen» er undersøkt for illegal rusmiddelbruk, og første gong forskarane har kombinert ei spørreundersøking med spyttprøver eller andre biologiske målingar.

Kva er dei høge tala uttrykk for, og har nokon sett i gang konkrete tiltak for å møte denne utfordringa? Det er noko av det Høie og statssekretær Ove Vanebo i Justis- og beredskapsdepartementet vil diskutere med politikarar, næringsliv og representantar frå utelivsbransjen i Bergen, Stavanger, Kristiansand, Trondheim og Tromsø.

Program: 

  • Presentasjon av rapporten.
  • Orientering om situasjonen i Bergen, Stavanger, Kristiansand, Trondheim og Tromsø.
  • Presentasjon av det svenske initiativet Kroger mot knark.
  • Diskusjon av moglege tiltak.

Velkommen!