Historisk arkiv

Verkemiddel mot landbasert forsøpling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Hold Norge Rent-konferansen. 6. februar 2019 kl. 10:30-10:50 / Scandic Ørnen, Bergen

Kjære alle saman, eg set stor pris på å få snakke på denne konferansen. I fjor var det sjølvaste HKH Kronprins Håkon som opna konferansen. Men det er alle dykk andre som er dei viktigaste – både profesjonelle og ildsjelar.

Forsøpling av havet kan truge matfatet vårt, det trugar dyrelivet og kan gje verknader vi ikkje har full oversikt over. Difor prioriterer regjeringa arbeidet mot marin forsøpling høgt både nasjonalt og internasjonalt.

Støtte til det frivillige arbeidet er viktig for regjeringa.

Vi har sørga for at Miljødirektoratet også i år vil dele ut 65 millionar kroner til opprydding og førebygging. I tillegg bidreg private stiftingar, fond og bedrifter. Staten bidreg også i stor grad til tiltak som opprydding av tapt fiskereiskap. Fylkesmennene, Skjærgårdstenesten, Statens Naturoppsyn og det nyleg oppretta Senteret for oljevern og marint miljø i Lofoten-Vesterålen har og roller i dette.

Men eg er bedd om å snakke om tiltak mot landbaserte kjelder til forsøpling. Og her trengst ei særleg styrka innsats, verda rundt. 

Ein kan aldri minne for ofte om at det er forbode å forsøple i Noreg. Det er forbode å kaste sjølv ein sigarettsneip på bakken. Likevel hamnar avfall i naturen og på gatene. Alle som såg NRK-programmet "Planet Plast" for eit år sidan, trur eg fekk opp auga opp for at vi må ta tak i haldningar og åtferd hos oss alle.

Det gjeld og haldningar i næringslivet. Eg trur fleire slike kampanjar basert på kunnskap og humor kan vere effektivt.

Vi har lovverk og ordningar i Noreg som skal sikre at avfall ikkje hamnar i naturen. Samanlikna med mange land har vi gode system for handsaming av avfall. Kommunar tek i mot og handsamar avfall frå hushald, og har òg plikt til å setje ut behaldarar for avfall på offentlege stader.

Næringslivet har plikt til å sørgje for forsvarleg handsaming av sitt eige avfall. Det betyr til dømes at arrangørar av festivalar og idrettsarrangement har ei plikt til å sørgje for at avfallet vert teken hand om på forsvarleg vis. Dei skal leggje til rette for at plastavfall ikkje hamnar i naturen, og dei bør unngå unødig eingongsplast.

Noreg ligg og langt framme med eit utvida produsentansvar for ulike produkt, til dømes emballasje som kartong, glass og metall, og plast. Produsenten har ansvar for emballasjen også etter at den er blitt avfall. Dette skal sikre at produkta vert handsama på forsvarleg vis.

Men vi treng å styrke tiltaka i Noreg og. Vi arbeider systematisk for dette. Vi byggjer på vurderingar frå Miljødirektoratet av kjelder og tiltak både mot plastavfall og spreiing av mikroplast i naturen. Våren 2017 la vi fram ei stortingsmelding med ein nasjonal strategi mot marin forsøpling og mikroplast. Ei rekkje tiltak er enten følgt opp eller under oppfølging.

Men vi får stadig ny kunnskap om marin forsøpling, både om nye kjelder, storleiken på kjelder, og om effektar. Miljødirektoratet skal i år oppdatere tiltaksvurderinga si i lys av ny kunnskap.

Klima- og miljødepartementet arbeider med forslag om å innføre heimel for kommunar til å ileggje gebyr for å bryte av forureiningslova. Det vil blant anna gi kommunane høve til å gje gebyr for dei som forsøplar i strid med lova.

Regjeringa har teke initiativ til eit samarbeid med norske aktørar for å få eit meir forpliktande samarbeid mot unødige eingongsartiklar av plast. Eit regelverk om eingongsartiklar av plast bør gjelde for heile Europa for å redusere forsøplinga av våre felles havområde. EUs regelverk for å redusere miljøkonsekvensar av eingongsplast som snart vil vere på plass, vil bli gjort gjeldande for Noreg gjennom EØS-avtala.

EU-regelverket vil innehalde forbod mot artiklar som blant anna eingongsbestikk og plasttallerkenar. Det kjem utvida produsentansvar for fleire typer eingongsprodukt. Det betyr betyr at produsentar og importørar av desse produkta får ansvar for dei når dei har blitt avfall. Det vil og vere mogleg for Noreg å gå lenger enn EU. Til dømes kan det vere aktuelt med strengare tiltak mot produkt som utgjer eit særnorsk problem.

Noreg ynskjer også å sjå på ei regulering av plast frå landbruk, noko som ikkje er inkludert i EU-direktivet. Dette vil vi vurdere saman med ei revidering av emballasjeforskrifta.

Retursystemet for plastflaskar vi har i Noreg fungerer svært godt. Opp mot 90 % av alle flaskar vert levert inn. Nyleg har regjeringa heva satsen på pant å for auke innleveringa ytterligare. Slike retursystem for plastflaskar er ikkje vanleg i EU eller andre land.

Forsøpling frå turisme og friluftsliv er ei betydeleg kjelde. I fleire land kan turisme vere ei hovudkjelde. I Noreg utgjer det eit problem ved populære turistattraksjonar, som i Lofoten-Vesterålen og ved Preikestolen. Turister frå andre land kjenner ofte ikkje til forbodet mot forsøpling i Noreg, og det kan være kulturskilnader i åtferd. Eit tiltak er å leggje betre til rette med søppelkasser og informasjon både for norske og utanlandske turistar.

Klimaendringane aukar problemet med forsøpling. Det er lett å tenkje seg at ekstremver og nedbør ikkje berre bringar større mengder avfall ut i naturen, men og vaskar meir mikroplast ut i vassdrag og sjøen.

Nokre mistar heile huset på sjøen når ekstremnedbør og rask snøsmelting gjev rekordstor flaum. Det er kanskje litt rart å nemne det i samband med forsøpling. Men når folk undrast over korleis nokon kan sette igjen eit nokså nytt kjøleskap på eit skjær, kan det vere flaum og ekstremver som er årsaka.

Tiltak for å redusere skadeverknader av klimaendringar er viktige òg for å redusere forsøpling. Noreg har sjølv peikt på dette i vedtak i FNs miljøforsamling om marin forsøpling og mikroplast.

Regjeringa greier også ut ei rekkje tiltak spesifikt mot landbaserte kjelder til mikroplast i Noreg.

Som de sikkert veit, arbeider Regjeringa med ei regulering av kunstgrasanlegg for å hindre at gummigranulat frå fotballbanar hamnar i naturen.

Miljødirektoratet greier ut tiltak for å redusere spreiing av mikroplast frå bildekk. Noreg har og teke opp behovet for styrka tiltak mot mikroplast frå vasking av tekstil med EU i forbindelse med Økodesigndirektivet.

Nyleg blei det oppdaga at fôrrør i fiskeoppdrett er ei kjelde til utslepp av mikroplast. Slitasje i rørene gjør at mikroplast vert tilført saman med fiskeforet. Miljødirektoratet vurderer også her tiltak.

Mikroplast i kosmetikk er ei sak mange er opptekne av, men som utgjer ei lita kjelde. EUs kjemikaliebyrå har nyleg utarbeidd eit forslag til regulering av mikroplast som er tilsett både kosmetikk, gjødslingsmiddel, plantevernmiddel og vaskemiddel. Noreg bidreg aktivt i EUs kjemikaliepolitikk og vil følgje arbeidet med restriksjonar.

Plastpellets som brukast i produksjon av plastgjenstandar er mikroplast som kan ende i naturen under produksjon, lagring, transport og bruk. Miljødirektoratet vil følgje opp dette overfor plastindustrien gjennom tilsyn.

Kva for kjelder til forsøplinga i havet som dominerer, varierer mellom ulike delar av havområda, på same måte som langs Norskekysten. Tiltaka må sjølvsagt ta tak i dei viktigaste kjeldene der ein er. Sjølv om forsøplinga vert spreidd med havstraumar på tvers av landegrensar, er det til dømes slik at det meste av avfallet langs Norskekysten kjem frå landa nær oss – oss sjølv medrekna. Derfor er det så viktig med styrka tiltak nasjonalt og regionalt.

Dei største tilførslene på verdsbasis er berekna å komme frå nokre store folkerike land i Asia, med sterk økonomisk vekst, aukande forbruk og manglande handsaming av avfall. Fleire afrikanske land seglar opp til å kunne bli nye slike problemområde.

I global skala er det difor viktig å bidra til at slike land byggjer seg opp kunnskap og kapasitet til ei forsvarleg handsaming av avfall for å unngå at det hamnar i naturen.

Regjeringa har opprette eit bistandsprogram mot marin forsøpling som skal bidra til å løyse problema der dei er aller størst. Frå 2019 er programmet på 400 millionar i året i fire år.

Medan det internasjonale regelverket for å forhindre forsøpling er nokså godt til havs, eksisterer det ikkje nokon global avtale eller regelverk som omfattar marin forsøpling og mikroplast frå land. Det er heller ikkje noko globalt rammeverk som samordnar arbeidet mot marin forsøpling og mikroplast frå land og sjøbaserte kjelder. Det er heller ikkje etablert eit tilfredsstillande organ eller institusjon som held kontroll med om verda treffer de mest effektive tiltaka. 

Noreg ynskjer at det skal utviklast eit slik nytt globalt rammeverk. Vi arbeider for eit vedtak på FNs miljøforsamling i mars i år som kan verte starten på ei slik prosess.

Noreg har sidan FNs miljøforsamling vart oppretta i 2014 arbeidt systematisk og målretta for globale vedtak mot marin forsøpling og mikroplast. I desember 2017, etter forslag frå Noreg, kom verdas land til semje om ein nullvisjon for vidare tilførslar av plast til havet.

Noreg har og fremja forslag om at grensekryssande transport av plastavfall skal kunne regulerast betre under Baselkonvensjonen, for å redusere risiko for at slikt avfall blir deponert utforsvarleg og hamnar i naturen. Vi arbeider for at land må innhente samtykke ved eksport/import av typar plastavfall som er problematisk å resirkulere, og har og foreslått eit partnarskap mellom landa.

Noreg har også bidrege til å få vedteke ein handlingsplan mot marint plastavfall og mikroplast frå skip under FN si sjøfartsorganisasjons miljøkomite. Planen fokuserer både på tap av fiskeutstyr, containerar og mottak av avfall i hamner. Tiltaka skal vere på plass til 2025.

Vi må handle både globalt, nasjonalt og lokalt. I 2019 er Noreg vert for den internasjonale havkonferansen Our Ocean. Der vil vi blant anna fremje behovet for å utvikle eit nytt globalt rammeverk mot marin forsøpling og mikroplast. Konferansen føregår i Oslo 23-24 oktober. Samstundes er Oslo Europas miljøhovedstad i 2019.