Historisk arkiv

Svar på spørsmål om drap og forfølging av homofile i Tsjetsjenia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Børge Brendes svar på spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om drap og forfølging av homofile i Tsjetsjenia.

Skriftleg spørsmål nr. 952 (2016-2017).
Datert 06.04.2017

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp) til utanriksministeren
Kva gjer regjeringa for å bidra til at drap og forfølging av homofile i Tsjetsjenia opphøyrer øyeblikkeleg?  

Svar frå utanriksministeren: 
Regjeringa er uroa over rapportane som skildrar arrestasjonar, mishandling og drap av personar som vert haldne for å vere homofile i den russiske delrepublikken Tsjetsjenia. Vi veit frå før at LHBTI-personar har ei utsett stilling i Russland, og at rettsvernet deira er innskrenka.  

Det er viktig at dette blir grundig granska. Regjeringa vil bruke bilaterale kanalar og multilaterale forum til å oppmode russiske styresmakter om å granske påstandane og setje i verk naudsynte tiltak for å følge opp sine menneskerettslege forpliktingar. Noreg har alt slutta seg til EU si fråsegn i OSSE-rådet i denne saka. Det er positivt at leiaren for det russiske presidentrådet for sivilt samfunn og menneskerettar, Mikhail Fedotov, òg har teke til orde for ei slik gransking.  

Noreg sin ambassade i Moskva følgjer denne saka tett. Noreg støttar òg opp om aktørar som arbeider aktivt for dei seksuelle minoritetane som er råka i denne saka.  

Regjeringa si tilskotsordning for prosjekt i Nord-Kaukasus har som mål å støtte demokratisk utvikling, etterleving av internasjonale menneskerettar og eit styrkt sivilsamfunn i regionen. Vi prioriterer tiltak som skal motverke straffridom og styrkje rettstryggleiken i samband med menneskerettsbrot i regionen.