Historisk arkiv

Høve til sjølv å velja kor ein vil bu

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Dag og Tid 28.04.2009.

Forskar Dag Jørund Lønning peikar i eit intervju i Dag og Tid på at målet om at folk sjølve skal kunna velja kvar dei vil bu ikkje vert nådd med tiltak som kjem ovanfrå. Suksesskriteria er lokale.

Det er difor vi i den nye stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikken fokuserer på at vekstkrafta kjem nedanfrå. Ambisjonen er å utvida det lokale rommet for handling og utvikling.

Det gler meg at Lønning frå Nordlandsforskning ser ut til å ha lese ”Lokal vekstkraft og framtidstru”. Han synest langt på veg å vera samd med regjeringa.

I meldinga kjem vi med ei rekkje nye tiltak.

  • Breiare breiband
  • Styrkja kommunane sin kapasitet og kompetanse til å driva lokal utvikling
  • Program for auka bulyst
  • Nytt næringshageprogram frå 2011
  • Mentorordning som gjev unge gründerar hjelp og støtte.

Vi innrettar også dei store politikkområda, som kommuneøkonomi, samferdsel, utdanning, helsetenester og forvaltning av naturarv, fisk og havbruk etter dei overordna måla.

Åslaug Haga la i 2006 fram meldinga ”Hjarte for heile landet” . Det var ei ekstraordinær melding, der vi la kursen om i høve til Bondevik 2-regjeringa. Erna Solberg la i si melding frå 2005 mindre vekt på innsats for distrikta og meir vekt på generelle rammevilkår for næringslivet. Rentenivå, kronekurs og skattar og avgifter var omkvedet.

Utgangspunktet for meldinga i 2006 var at dette ikkje var nok. Regjeringa la derfor inn fleire målretta distriktspolitiske tiltak. Vi fylgjer no opp med ei melding, slik vanleg er kvart fjerde år, med ein aktiv innsats på mange politikkområde for at heile landet skal vera med på same vilkår.

Når det gjeld utflytting av statlege arbeidsplassar, er regjeringa klar på at vi skal ha ei god geografisk fordeling av slike arbeidsplassar. Vi har ein aktiv lokaliseringspolitikk, slik dei fleste landa rundt oss i Nordvest-Europa har. Hovudregelen er at nye arbeidsplassar skal lokaliserast utanfor Oslo. Vi har flytta eller gjort vedtak om å flytta arbeidsplassar i Forsvaret og ved Veterinærinstituttet ut av Oslo. Vi har etablert viktige arbeidsplassar i samband med mellom anna det nye Distriktssentret.

Det har gjeve resultat. Ikkje sidan byrjinga av 1980-talet har så mange distriktskommunar hatt vekst i folketalet.